Nye krav til kjeldesortering – kva innber det for bedrifta di?

1.januar 2023 kom nye krav til kjeldesortering for norske bedrifter.

I praksis betyr dette at alle verksemder og institusjonar no må sortere ut mat- og plastavfall, og levere dette til gjenvinning.

Gjeld det meg?

Det nye kravet gjeld alle verksemder med såkalla hushaldningsliknande avfall. Har du kjøken, kantine, kontor eller møterom? Då gjeld det nye kjeldesorteringskravet deg.

Kva må du gjere?

Bedrifta di må sikre at mat- og plastavfall no blir sortert i eigne behaldarar, og ikkje saman med restavfallet. Avklar avtalen med eigar av næringsbygget, eller den som handterer avfallet dykkar.

Ønskjer bedrifta di ein gjennomgang av avfallshandteringa? Eller treng du stativ til plastavfall eller behaldar til matavfallet? Kontakt Sirkla Ressurs så hjelper me deg.

Sikrar betre utnytting av ressursar

Målet med det nye regelverket er å sikre at avfallsressursane blir nytta, materialgjenvunne og nytta som råvarer i nye produkt, som del av ein sirkulær økonomi.

Alt matavfall som Sirkla Ressurs samlar inn blir levert til SIMAS. Sjå korleis dei har lukkast med å gjere matavfall om til næringsrik kompostjord og forska på komposternig av nedbrytbar plast.

Vil du vite meir?

Dei nye krava gjeld også kommunane. Vil du vite meir om det nye regelverket? Sjå forskrifta her.

Ragnhild Myklemyr

Ragnhild Myklemyr er innhaldsprodusent i Gasta design og kommunikasjon. Ho er ekspert på å finne dei gode historiane og formidle dei på vegne av kundane våre.

ragnhild@gasta.no

Forrige
Forrige

På plass i nye lokale

Neste
Neste

Sirkla Ressurs er sertifisert «Miljøfyrtårn»