På plass i nye lokale

Etter 4,5 år i Kloppavegen 5, har Sirkla Ressurs flytta inn i nabobygget - nummer 7.

I juni flytta Sirkla Ressurs inn i nye lokale på Kaupanger, i gamlebygget til Neumann bygg. Etter fleire månader med etterisolering av yttervegg, forbetring av ventilasjon, ny romfordeling, maling og nye garderobar og toalett, er vi endeleg på plass.

Dagleg leiar, Erik Stavø, viser det nye møterommet i første etasje.

– Det var etterlengta. Vi trengde større plass ettersom vi er fleire tilsette, i tillegg til at dei gamle lokala våre ropte etter ein oppgradering. Når Neumann flytta ut av desse lokala, valde vi å verta deleigar i eit eigedomsselskap som kjøpte lokalet. Etter mange års bruk av tidlegare eigar var det behov for å renovere - så no har vi heilt nyoppussa lokalar, fortel Erik Stavø fornøgd.

Den daglege leiaren kan vise 96 kvm som Sirkla Ressurs disponerer, med kontor og møterom, i tillegg til stor lagerplass og parkering utanfor til bilar og conteinarar. Det er eigen inngang til dusj og garderobar i første etasje. Totalt disponerer vi 238 kvm, med planar om å leige ut delar av arealet i same etasje, berre vi finn rette leigetakarar.

– Her er mange moglegheiter. Vi venter med å pusse opp dette arealet heilt ferdig, slik at dei som vil leige kan få vere med å avgjere resultatet, forklarar Stavø - og legg til:

– Vi har fått god hjelp av Hanne Nygård-Bøe i Rom for forandring. Det gjorde seg. No er det harmoni i fargar og materialar, så eg er glad vi valde å ha med interiørarkitekt. Vi er også svært fornøgd med hovudentreprenør AH Bygg.

Sirkla Ressurs er i dag seks tilsette, og vi får på plass ein tilsett til etter sommarferien.

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Geir er nytilsett i Sirkla Ressurs

Neste
Neste

Nye krav til kjeldesortering – kva innber det for bedrifta di?