Avfall som skal på deponi
Basiskarakterisering og mottakskontroll
Den som har gjeve opphav til avfallet (avfallsprodusent), har ansvaret for at dette vert basiskaraktrisert. Alt avfall skal basiskarakteriserat. Føremålet med basiskarakterisering, verifikasjon og mottakskontroll er å bidra til at følgjande er kjent før deponering:
samansetjing
utlekningspotensial
miljøverknader
andre eigenskapar som har noko å seia for deponiet,både på kort og lang sikt
Nærare krav går fram av avfallsforskrifta §9-11.
Den driftansvarlige ved deponiet avgjerd om avfallet kan deponersat ved deponiet, på bakgrunn av dokumentasjon frå avfallsprodusenten og informasjon som den driftsansvarlige sjølv innhentar gjennom mottakskontroll av avfallet. Mottakskontroll består av visuell kontroll av kvart lass, i tilegg til stikkprøvar av enkelt leveransar.
Avfall som ikkje oppfyller kriteria
Avfall som ikkje oppfyller kriteria for mottak ved deponiet, skal avvisast og meldast til fylkesmannen. Avfallet kan takast i mot til forbehandling/sortering på anna stad ved avfallsmottaket.
Informasjon om regelverket og hjelpemiddel finst på Klima- og forurensningsdirektoratet (tidligere SFT).