Miljøpolicy i Sirkla Ressurs
Sirkla Ressurs har som mål å vere den føretrekte næringsrenovatøren i Sogn, og skal sikre ein mest mogleg miljøvenleg leveranse av alle våre tenester.
Hausten 2023 vart vi re-sertifisert Miljøfyrtårn, og kan dokumentere at strenge kriterium innan vegtransport og gjennvinning er tilfredsstilte.
Overordna mål for helse, miljø og sikkerheit
Gjennom vår visjon «Avfall til nye verdiar», skal vi vere ein pådrivar for å finne dei beste miljøvennlege løysingar for våre kundar. Kjerneverdiane våre, løysingsorientert og stolt, atterspeglar dei vi er og det vi gjer.
Vi skapar dei beste løysingane og er stolt over det! For oss sjølve, kundar og heile verda.
Samfunnsansvar
Sirkla Ressurs legg vekt på å ta samfunnsansvar i forhold til korleis verksemda påverkar menneske, miljø og samfunn. Våre etiske retningslinjer skal skape tillit og lojalitet blant medarbeidarane i verksemda.
Vårt arbeidsmiljø skal mellom anna vere prega av godt samarbeid, respekt og openheit – også i forhold til diskusjon rundt etiske problemstillingar. Samstundes skal våre etiske retningsliner også skape tillit hjå oppdragsgjevarar og leverandørar.
Alle tilsette skal bidra i arbeidet med å følgje opp våre leverandørar og kommunisere våre forventingar om samfunnsansvar, etikk og miljø. Vi skal gjere vårt beste for å auke kundane sit miljømedvit gjennom informasjon og opplæring om kjeldesortering, ombruk, redusert forbruk og gode miljøvanar.
Overordna mål:
Med vår visjon «Avfall til nye verdiar», skal vi bidra til høg ombruksgrad på alt innsamla avfall.
Vi skal ha kompetanse og vere oppdatert på miljøvenlege løysingar i vår bransje slik at vi kan bistå våre oppdragsgivarar med å velje miljøriktige alternativ.
Vi skal vere proaktive og kontinuerleg forbetre våre miljøprestasjonar i tillegg til å følgje lovkrav.
Kundar, eigar, medarbeidarar og leverandørar er hovudinteressentane i verksemda sitt miljøarbeid. Alle interessegrupper skal ivaretakast i miljøstrategien
Konkrete mål knytt til HMS i 2023
-
Vi skal jobbe med kontinuerleg oppfølging og kvalitetssikring av internkontrollsystemet.
Vi skal fortsetje med Landax som styringssystem for alle tilsette. Ta aktivt i bruk mobil/nettbrett som lettar tilgangen for dei tilsette.
Vi vil framleis ha auka fokus på avviksmeldingar, og alle tilsette skal nytte Landax ved avvik i den daglege drift og som eit forbetringsverktøy. Det vil vere gjennomgang og oppfølging av avvik kvart kvartal i driftsmøte og styret.
-
Sjukefråværet i Sirkla var 8,35% i 2022. Det er ei målsetjing at sjukefråværet ikkje overstig 4% årleg. Det høge sjukefråværet i 2022 skuldast alvorleg sjukdom hjå DL. Dagleg leiar og styret vil følgje opp sjukefråværet kvart kvartal.
Vi skal ha tett oppfølging av sjukemelde og vurdere tiltak for dei som er påverka av andre sitt langtidsfråvær.
Vi vil framleis ha fokus på godt og inkluderande arbeidsmiljø.
Vi skal halde fram arbeidet med å vurdere tiltak for å fremje fysisk aktivitet.
-
Sirkla skal ikkje ha arbeidsulykker eller nesten ulykker på sine område eller i teneste.
Det skal gjennomførast vernerunde på alle delar av verksemda ein gong i året.
-
Det skal ikkje førekomme avvik som gjev akutt ureining til ytre miljø.
Lokalet/anlegget på Kaupanger skal sjå ryddig og vedlikehalde ut for tilsette og omgjevnader.
Vi er Miljøfyrtårnverksemd, og skal
Ha auka miljøfokus internt i verksemda.