Sirkla Ressurs er sertifisert «Miljøfyrtårn»

Miljøfyrtårnansvarleg i Sirkla Ressurs, Dagny Ugulsvik Alvik, og dagleg leiar i Sirkla Ressurs, Erik Stavø. Her har dei nettopp motteke plaketten frå Sogndal Kommune.

Miljøfyrtårnansvarleg i Sirkla Ressurs, Dagny Ugulsvik Alvik, og dagleg leiar i Sirkla Ressurs, Erik Stavø. Her har dei nettopp motteke plaketten frå Sogndal Kommune.

Me er ei av få verksemder i Vestland som er sertifisert miljøfyrtårn innan vegtransport og gjenvinning.

I mars vart Sirkla Ressurs sertifisert «Miljøfyrtårn». Torsdag 7. mai 2020 vart det digital markering i samband med kommunestyret, med utdeling av plakett.

Torsdag 7. mai vart det digital markering i samband med kommunestyret, med utdeling av plakett.

DIGITAL MARKERING: Torsdag 7. mai vart det digital markering i samband med kommunestyret, med “utdeling” av plakett.

– Det har vore viktig for oss å vise at me er oppteken av miljø. I avfallsbransjen er dette særs viktig, då me må sjå verdien av alt avfallet og tenkje gjenbruk. Å vere eit miljøfyrtårn gjer oss stolt, fortel Erik Stavø, dagleg leiar.

Sirkla Ressurs ei av få verksemder i Vestland som er sertifisert miljøfyrtårn innan vegtransport og gjenvinning. Verksemda kan dermed dokumentere at strenge kriterium innan tema som arbeidsmiljø, innkjøp, energi, transport, avfall, utslepp og estetikk er tilfredsstilte.

Fordel med lokalkunnskap

I vurderinga heiter det mellom anna at:

«Transport er et av virksomhetens vesentlige miljøaspekter, og det er derfor gledelig å se at det foreligger en egen rutine for rasjonell driftsplanlegging. Virksomheten drar også stor nytte av sjåførenes lokalkunnskaper og kjennskap til kundene for å oppnå optimale kjøreruter og påse at returlast tas med der hvor dette er aktuelt. Videre velges det alltid biler som passer til det enkelte oppdrag (bilens størrelse, lengde, motortype osv.) for å redusere drivstofforbruket.»

Sirkla Ressurs opplever at fleire kundar og leverandørar spør etter miljøsertifikat. Det er flott at mange er oppteken av miljø, og vel avtaler og samarbeidspartnarar deretter. Då er det gledeleg at Sirkla Ressurs har fått bevis på at verksemda er oppteken av dette.

Sirkla Ressurs AS er i dag seks tilsette, med kontorplass på Kaupanger. Sirkla Ressurs AS driv med ikkje-lovpålagde oppgåver knytt til avfallshandtering, som næringsavfall, rådgjeving, containerutleige og avfallstransport.

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Nye krav til kjeldesortering – kva innber det for bedrifta di?

Neste
Neste

Storsekker kjøper du hjå oss