Personvernerklæring

Om Sirkla Ressurs

Eigar av denne nettsida er: Sirkla Ressurs AS, Kloppavegen 5, 6854 Kaupanger. Tlf: +47 57 00 90 40. Epost: post@sirkla.no Vårt org. nr er: NO 913 660 323

Føremålet med vår handsaming av personopplysningar

I samband med kundeforhold må vi hente inn opplysningar som namn, adresse, epost, telefonnummer, organisasjonsnummer og anna nødvendig informasjon knytt til utføringa av tenestene frå Sirkla Ressurs. Dette er opplysningar vi nyttar for å handtere ditt kundeforhold. Du har rett til å krevje innsyn og retting av data vi har lagra om deg. Etter avsluttande kundeforhold, vil vi ta vare på data så lenge det er nødvendig, og for å kunne hjelpe deg med eventuell historikk, om du skulle ha behov for det.

Utlevering av personopplysningar til tredjepart

Sirkla Ressurs AS gir ikkje ut personopplysningar til andre enn den opplysningane omhandlar. Unntak frå dette kan skje dersom:

  • du har gitt Sirkla Ressurs AS løyve til å gi ut opplysningane.
  • vi får pålegg frå myndigheit eller domstol.
  • selskap som hjelper Sirkla Ressurs i å utføra tekniske eller administrativ drift treng opplysningane for å utføra arbeidet sitt. Selskap som fell under det siste punktet i lista er underlagt avtalar om teieplikt samt databehandlaravtalar som sikrar at opplysningane er lagra på ein sikker måte og dermed ikkje kjem på avvegar.

Innsyn, retting og sletting av personinformasjon

Etter personvernreglane har du som privatperson krav på innsyn i dei opplysningane som er registrert om deg, samt krav om retting eller sletting av mangelfulle eller uriktige opplysningar.

Krav om innsyn eller retting kan gjerast ved å ta kontakt med Sirkla Ressurs AS via e-post: post@sirkla.no.

Informasjonssikkerheit

Vi har gjennomført organisatoriske og tekniske rutinar og tiltak som skal sørgje for at dine personopplysningar ikkje kjem på avvege, ikkje vert endra utilsikta, og at dei er tilgjengelege ved behov.

Informasjonskapslar

Sirkla Ressurs AS nyttar informasjonskapslar, også kalt cookies, på nettsidene. Ved å bruke nettsida vår samtykker du i at vi kan setje desse i din nettlesar. Cookies er standard Internett-teknologi som dei aller fleste nettstader nyttar. Vi nyttar denne kunnskapen for å tilby deg ei betre kundeoppleving neste gang du kjem til nettsida vår. Dei fleste nettlesarar, som Opera, Internet Explorer, Firefox, Safari etc, er innstilt slik at cookies blir akseptert automatisk. Om du ikkje ønskjer å akseptere cookies må du sjølv endre innstillingane i din nettlesar. Merk at denne innstillinga kan føre til at mange nettstader ikkje vil fungere optimalt.

Bruk av informasjonskapslar på denne nettsida

Eigar: Squarespace/Google Analytics Føremål: Samle informasjon om korleis besøkande nyttar nettsida. Vi brukar denne informasjonen for å lage rapportar for å betre nettsida. Informasjonskapslane anonymiserer all informasjon. Dei seier noko om tal besøkande på nettsida, kvar dei kjem frå og kva sider dei besøker.

Ordresystem

I vårt ordresystem blir følgande personopplysninga lagra:

  • Bedriftsnavn
  • Namn på kontaktperson
  • Adresse
  • Telefon
  • E-post.

Disse personopplysningane blir liggjande i våre system så lenge Sirkla Ressurs og våre kundar er tent med det. Personopplysningar kan fjernast ved å ta kontakt med dagleg leiar.

Kontaktskjema

Når du fyller ut kontaktskjema på nettsida lagrar vi denne informasjonen i vårt ordresystem. Denne informasjonen vil vi lagre for å kunne yte betre kundeservice. Vi etterstrebar å ikkje ta vare på dine detaljar lenger enn nødvendig.

Behandlingsansvarleg og kontaktinformasjon

Dagleg leiar i Sirkla Ressurs AS er ansvarleg for handsaming av personopplysningar. Vedkommande er ansvarleg for at det vert gjennomført internkontroll med omsyn til behandling av personopplysningar, og at evt. avvik frå gjeldande lovverk blir meldt inn og retta. Vi etterstrebar til ein kvar tid å følgje gjeldande regelverk for personvern i Noreg.

Har du spørsmål, ta kontakt på post@sirkla.no

Vi vil oppdatere personvernerklæringa dersom det er endringar i vår behandling av personopplysningar eller endringar i personvernregelverket. Endra personvernerklæring vil i slike tilfelle bli publisert på sirklaressurs.no