Sirken Shop på Kaupanger
Sjølvbetent og døgnopen butikk med overskotsmaterialar frå lokal byggebransje.
Altfor mykje material i byggebransjen blir kasta. Saman med fleire lokale aktørar, har Sirkla og Sirken opna ein døgnopen butikk der ein kan handle overskotsmaterial til ein redusert pris.
Sirken-konseptet starta i Trondheim allereie i 2020, med ein idé om å leggje til rette for meir ombruk i bygg- og anleggsbransjen. Dei har conteinerar og sjølvbetente butikkar over heile landet.
Våren 2024 opna konseptet også i Sogndal kommune, nærare bestemt i Sirkla sine lokale på Kaupanger.
Slik fungerer det:
På nettsida til Sirken kan du sjekke tilgjengelege varer på Kaupanger.
Du reserverer varen, legg inn betalingsinfo og får ein PIN-kode til lokalet. Når du kjem til butikken kan du sjekke ut varen.
Står den ikkje til forventningane kan du kansellere reservasjonen og ingen pengar blir trekt. Ønsker du varen, godtek du kjøpet og beløpet blir trekt innan 48 timer.
Her kan ein handle både som privatperson og bedrift.
Sjå film frå butikken:
Lokale leverandørar:
Takk til samarbeidspartnarane våre! Ønskjer du å bidra med varer? Ta kontakt med Sirkla.