Farleg avfall

Farleg avfall er avfall som ikkje skal handsamast saman med det ordinære avfallet.

Dette fordi det inneheld miljøgifter (helse- og miljøfarlege stoff) og kan medføre alvorleg ureining eller fare for skade på menneske eller dyr.

Miljøstasjonane i Sogn har løyve til mellomlagring av avgrensa mengder farleg avfall. Næringskundar har deklarasjonsplikt og må betale gebyr. Det er forbode å kvitta seg med farleg avfall på andre måtar enn å levera det til godkjent mottak.

Private hushald kan levera inntil 1000 kg farleg avfall pr. år gratis til miljøstasjonane. Utover dette betalar ein for levering av avfallet og eventuell transport inn til SIMAS sitt anlegg i Festingdalen. 

Farleg avfall er til dømes:

  • Spillolje

  • Maling, lim og lakk

  • Sprayboksar

  • Løysemiddel, frostvæske og kjølevæske

  • Vaskemiddel

  • Batteri

  • Syrer og basar

  • Plantevernmiddel

  • Lysstoffrøyr, sparepærer og lyspærer

  • PCB

Kjelde: sortere.no

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

EE-avfall

Neste
Neste

Gips