Innhenting av landbruksplast
Me tilbyr henting av landbruksplast med bil med kran eller container.
Det er gratis å levere landbruksplasten i Festingdalen, der SIMAS vil handtere plasten vidare. Treng du transport frå garden til Festingdalen, kan du bestille det hjå oss i Sirkla Ressurs.
Endra tilbod frå 1. august 2024
1. august er det slutt på mottak av landbruksplast rundtom på miljøstasjonane til SIMAS, med unntak av Festingdalen. Landbruksplast som leverast i Festingdalen skal være sortert og rein, slik at den kan gå vidare til attvinning.
Produsentansvarsordninga, miljøavgifta, bønder betalar ved innkjøp av landbruksplast går til å dekke handsaminga av plasten frå Festingdalen og vidare til attvinning. Den dekker ikkje kostnader knytt til frakt av landbruksplast mellom miljøstasjonar inn til Festingdalen.
Sjølv om plasten brukast «heime» på garden, er dette definert som næringsavfall og er difor ikkje under SIMAS, men Sirkla Ressurs.
Treng du hjelp til innhenting av landbruksplast?
Kontakt oss, så hjelper vi deg.