Handtering av farleg avfall
Bedriften har sjølv ansvar for å undersøke om avfallet som oppstår er farleg avfall. Alt farleg avfall skal emballerast, merkast og handterast forsvarleg for å unngå skade på menneske og dyr.
Vi kan hjelpe bedrifta di å finne gode løysingar på handteing av farleg avfall.
Elektronisk deklarering
Elektronisk deklarering av farleg avfall vart innført i 2016. Som avfallsprodusent er du ansvarleg for at farleg avfall vert deklarert iht. gjeldande regelverk.
For å deklarere elektronisk må du ha rolla som administrator eller sluttbruker i Altinn. Dagleg leiar i firmaet kan eventuelt delegere rolla som administrator i Altinn. Deretter delegerer administrator rollen som sluttbruker via administrasjonsmodulen på avfallsdeklarering.no.
Sirkla Ressurs kan vere behjelpeleg med å administrere all deklarering for deg, men må ha fullmakt frå deg som kunde. Fullmakt vert tildelt i administrasjonsmodulen på avfallsdeklarering.no.
Kom i gang med e-deklarering
For å kunne autentisere seg på vegne av verksemda, må administrator ha Altinn-rolla «Energi, miljø og klima». Altinn-rolla er førehandstildelt dagleg leiar i verksemda. Innlogginga i Altinn erstattar underskrifta på deklarasjonsskjemaet.
Dagleg leiar må delegere rolla i Altinn, og må difor logge inn på Altinn.no.
Slik gjer du:
Vel «Tilgangsstyring» i toppmenyen
Vel «Deleger roller og rettigheter» i venstremenyen.
Vel riktig verksemd i nedtrekksmenyen, vel «vis flere» dersom ikkje riktig verksemd visast. NB! Det er organisasjonsnummeret til undereining/avdeling/verksemd som skal brukast, ikkje organisasjonsnummeret til foretaket.
Hugs å trykk «oppdater».
Identifiser administrator ved å fylle inn «Fødselsnummer» og «Etternavn»
Huk av for rolla «Energi, miljø og klima»
Trykk på knappen «Deleger»
Ved fleire undereigningar:
Har de fleire undereiningar/avdelingar som skal deklarere i Avfallsdeklarering.no, gjenta punkt 3-6 for dei aktuelle einingane. For meir informasjon sjekk ut avfallsdeklarering.no eller last ned brukarrettleiing her.