Re-sertifisert som miljøfyrtårn
Med «Avfall til nye verdiar» som visjon jobbar vi for å auke ombruksgrada på alt innsamla avfall.
– Vi ønskjer å bidra til eit meir berekraftig samfunn og ta vår del av ansvaret. Som avfallselskap for privat næring, er transport og ombruksgrad på avfallet der vi kan gjere mest, fortel Erik Stavø, dagleg leiar i Sirkla.
Sirkla Ressurs er nyleg resertifisert som Miljøfyrtårn. Vi ønskje rå legge til rette for at bedrifter i Sogn kan sortere avfallet betre, med utstyr som papirpressar, container – og møblement til å ha inne i kontorlokalane.
– Vi jobbar mykje med rådgjeving og informasjon om lovverk, og saman med bedriftene finn vi dei gode løysingane.
Transport og gjenvinning
Da Sirkla vart sertifisert Miljøfyrtårn for første gang i 2020, kunne vi dokumentere at strenge kriterium innan vegtransport og gjenvinning var tilfredsstilte. I løpet av tre år har krava vorte strengare og bedriftene vi jobbar med meir bevisste.
– Vi opplever at kundane våre har strengare krav til korleis dei handterer og transporterer avfallet, som vi igjen må forhalda oss til. Det kan til dømes vere sporing av avfall og dokumentasjon av ombruksgrad. Og det er vi glad for. Det er slik vi saman kan bli meir miljøbevisste.
Sertifiseringa inneheld også konkrete krav som må oppfyllast innan arbeidsmiljø, energi, innkjøp og transport. Kvart år fyller vi ut ein klima- og miljørapport som gir god oversikt over framgang og forbetringspotensial.