Pyramiden Senter ny totalkunde på renovasjon
Sirkla Ressurs har signert Pyramiden Senter som totalkunde på renovasjon.
Sist veke var Roger Bjelde i signeringsmøte med Kai Kvalsøren, senterleiar på Pyramiden. Senteret med 10 butikkar og to kafear, ligg i Gaupne, og har no fått ny avfallspresse på restavfall, i tillegg til behaldarar for utsortering av matavfall, og glas og metall.
– No har Pyramiden to avfallspresser frå Sirkla, både på restavfall og papp/papir. Dei har vore kunde hjå oss i nokre år allereie, men fyrst no er dei totalkunde. Det er vi stolte av, fortel Geir Øygard, prosjekt- og utviklingsleiar i Sirkla Ressurs.
Lurer du på kva vi tilbyr av avfallstenester til bedrifter?
Ny presse til restavfall. Her blir avfallet komprimert slik at det blir plass til meir. Då får ein redusert transporten betydeleg, samanlikne med container eller dunk.