Ny dagleg leiar i Sirkla
Det er fleire nye stillingar i Sirkla Ressurs: Geir Øygard er ny dagleg leiar og Tom Kvam Sæterdalen er ny sjåfør.
Øygard starta hos oss i juli i fjor. Då kom han frå NRC Kept AS i Bergen. Øygard har jobba i avfallsbransjen i over 12 år og har lang fartstid i morselskapet SIMAS. 1. mars hadde han sin første dag som dagleg leiar i Sirkla Ressurs.
– Det er ei spennande bedrift. Erik Stavø måtte dessverre gje seg grunna helsemessige utfordringar, og da takka eg ja til å ta over rolla hans. Eg vil forsetje å jobbe med prosjekt og utvikling av bedrifta, samtidig som eg tek fatt på litt meir administrative oppgåve. Det blir spennande, seier Øygard.
Han er stolt over bedrifta, som i dag har seks tilsette.
– Tom starta hos oss i februar, og er ein dyktig sjåfør. I haust fekk vi inn Ane Malen som kundehandsamar og sjåfør. No har vi tre dyktige sjåførar - i tillegg til dei Wenche og Roger som har vore med oss ei stund, fortel Geir som legg til:
– Vi skal fortsetje å gi rettleiing og hjelp til å finna gode avfallsløysingar for næringslivet i Sogn, i tillegg til å til by transportteneste og containerutleige.
Sjå alle tilsette her.