Engasjerte kundar i Årdal

Overlevering av presse og dunkar til Klingeberg Hotell på Årdalstangen.

Dei vart totalkunde hjå oss 1. januar i år.

Det tikkar inn med bedrifter i Årdal som vil bli betre på kjeldesortering. – Så langt i vinter har vi fått 28 nye kundar!

Det fortel Roger Bjelde i Sirkla Ressurs. Saman med Geir Øygard har han vore i kontakt med mange bedrifter i Årdal i vinter. Etter at Årdal kommune ble fullverdig medlem i SIMAS frå 1. januar har også næringsbedriftene i Årdal vore avhengig av ei ny avtale på renovasjon. Utan ny avtale, blir ikkje avfallet henta.

– Dei kan velgje om dei vil nytte oss eller nokon andre, men vi er jo glad for dei som vel oss, fortel Bjelde.

Positiv respons

Bjelde har snakka med mange bedrifter i Årdal, alt frå ungdomslag, frisørar, kafear og restaurantar til bank, eigedomsselskap og byggevareforretning.

– Dei aller fleste er veldig positive. Det er klart det er ein kostnad knytt til avfallshandtering, med her verker det som at næringslivet ønskjer å bli betre på å resirkulere. Det verkar nesten som dei har venta på oss.

Før endringa hadde dei fleste bedriftene restavfall og  papir. No får dei moglegheita til å sortere ut plastavfall og våtorganisk. Det er det mange som synes er kjempeflott.

– Dei er engasjerte, det gler oss. Vi har hatt mange positive samtalar.

Samarbeid med Sunde Resirk

Sirkla Ressurs leverer dunkar, sekkar og presser, medan dei samarbeider med Sunde Resirk.

– Vi ønskjer å spele på lag. Sunde Resirk kan mellom anna tilby containerar, så kan vi tilby mindre behaldarar og avfallsekker.

Lurar du på kva vi kan tilby? Sjå her.

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Sjølvbetjent «Sirken-shop» på Kaupanger

Neste
Neste

- Bedriftene i Årdal må skunde seg!