Kva lovar og reglar gjeld bedrifta di?
Her finn du ei enkel oversikt over kva avfalls- og forureiningslovar som gjeld deg.
80 prosent av avfallet som oppstår i Noreg kjem frå næringslivet. I motsetning til heime, der kommunen tek hand om avfallet, har bedrifter sjølv ansvar for å finne ein leverandør som kan ta hand om avfallet.
Korleis skal de handtere avfallet? Kva betyr lovane i praksis? Her kan me i Sirkla Ressurs hjelpe dykk.
Det overordna lovverket
Lovverket gjev bedrifta di både plikter og rettar. Her finst det i hovudsak to overordna lovar:
Avfallsforskriften skal bidra til å førebyggje og redusere miljøproblem, hindre forsøpling og sikre høg grad av gjenvinning når ulike produkt endar som avfall.
Forureiningsloven skal verne ytre miljø mot forureining, redusere eksisterande forureining, redusere mengde avfall og å fremme betre behandling av avfall. Loven skal sikre at forureining og avfall ikkje fører til helseskade, går ut over trivsel eller skade naturen..
Om du ønskjer å vite meir om lovar knytt til ulike avfallstypar, som batteri, betongavfall og farleg avfall, finn du mykje god informasjon på sortere.no/bedrift.
Me kan rettleie
Det kan vere tidkrevjande å få tilstrekkeleg oversikt og kunnskap om kva som gjeld bedrifta di. Men det er smart å ha nok kunnskap. Feil handtering kan straffe seg, medan riktig handtering kan gjere bedrifta meir lønnsam.
Våre rådgjevingstenester:
Vurdering av komplekse og samansette avfallsløysingar for ulike bransjar
Avfallstypevurdering av farleg avfall
Miljørisikoanalysar
Beredskapsplanar for uforutsette utslepp
HMS
For meir informasjon, ta kontakt med oss på 57 00 90 40 eller post@sirkla.no.