Fleire tusen ølglas frå Vinjerock blir kompostjord i Sogn
Festivalsjef Ingebjørg Blomlie Müller og Geir Øygard, dagleg leiar i Sirkla.
Festivalen i Jotunheimen kan stolt sei at alt matavfall og eingongsmateriell blir til kompostjord i Sogn.
– Vi sel mykje mat og drikke inne på festivalområdet dei fire dagane vi held på. Alt blir servert med glas, tallerkenar og bestikk i nedbrytbart materiale, altså kan alt komposterast, fortel festivalsjef Ingebjørg Blomlie Müller nøgd.
I fjor henta Sirkla Ressurs alt våtorganisk avfall, til saman 1300 kilo, og frakta det til Festingdalen.
– Med rundt 4000 deltakarar blir det ein del glas og tallerkenar. Og då er det fantastisk at alt det kan bli til kompostjord, utdjupar ho.
Miljøbevisst publikum
Det gleder nok deltakarane også, at dei er med på å minimere avtrykket. Festivalen arrangerast 1060 meter over havet, på Eidsbugarden i Jotunheimen. Ein musikkfestival som i 2023 kåret til årets festival – og som år etter år bli utselt på minuttar.
Oversiktsbilde over festivalen i fjor. Foto: Anne Guro Røsæg.
– Vi har ein sterk miljøprofil og vi har gjort undersøkingar som viser at deltakarane er oppteken av miljø. Faktisk seier 85 prosent av deltakarane at dei synast det er viktig at Vinjerock har ein god miljøprofil.
Blomlie Müller fortel at festvalen er bevisste på å gjere minimal påverknad på nærliggande natur.
– Å halde til i eit nabolag med Jotunheimen gir oss både forpliktingar og inspirasjon. Vi ønskjer å vera leiande på å arrangere festivalopplevingar i pakt med naturen.
Utvida samarbeid i 2025
I år, som i fjor, skal Sirkla Ressurs ta seg av alt våtorganisk avfall.
– Sirkla er fantastisk å samarbeide med. Dei kjem når dei seier dei skal, dei informerer om det vi treng å vite og det er ikkje noko krøll. Så dette er ein god samarbeidspartnar, fortel festivalsjefen.
At samarbeidet er godt, er Geir Øygard eining i.
– At dei kjem hit for å møte oss og er nysgjerrig på kva meir vi kan bidra med, viser at dei tek dette med avfall og attvinning seriøst. Det er viktig for oss med gode samarbeidspartnarar som ser verdien i det vi gjer, fortel han.
Under eit møte i januar snakka Sirkla og Vinjerock om korleis samarbeidet kan utvidast og bli noko meir enn kompostering av våtorganisk avfall.
– Kanskje dei treng ein avfallspresse eller to. Då blir det mindre transport for å frakte papir og restavfall – noko som styrker miljøprofilen. Med det er ein del logistikk som bestemmer om det let seg gjere eller ikkje. Så vi får sjå kva frukt samarbeidet ber med seg, fortel Øygard.
Kompostdunkar sett ut på festivalområdet.
Møtet hos Sirkla i januar.
Fleire festival-kundar
Å tenke smarte avfallsløysingar på festival er ikkje noko nytt for Sirkla Ressurs, som samarbeider med både Fjørarock i Sogndal og Balestrand Badeklubb Festival, Bergtatt i Luster og Jordeplerock i Lærdal.
– Gode løysingar for avfallshandtering er viktig når så mange menneske samlast. Det gjeld både under og etter konsertane. Og eg trur etter kvart at dei fleste deltakarane er oppteken av å kjeldesortere– men då må ein legge til rette for at det er lett å gjere det.
– Og så trur eg festivalane kan dra nytte av kvarandre. Om vi til dømes finn gode løysingar for Vinjerock så kan andre festivalar ha tilsvarande løysingar.
Treng du hjelp til å finne gode avfallsløysingar på arrangementet ditt eller i bedrifta di? Då må du gjerne kontakte oss.